Bernhard Berthelsen | |||
Fødd | 16. mars 1897 Sør-Audnedal | ||
---|---|---|---|
Død | 25. august 1964 (67 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Bernhard Berthelsen (16. mars 1897–25. august 1964) var ein norsk tollar frå Sør-Audnedal som representerte Venstre og kjøpstadene i Telemark og Aust-Agder på Stortinget frå 1945 til 1953.
Berthelsen var son til ein sjømann. Etter å ha gått middelskulen hadde han ymse jobbar før han i 1919 fekk stilling som tollassistent. I 1928 rykte han opp til tollkontrollør, frå 1946 arbeidde han som tollinspektør i Arendal. Perioden 1951-57 var han distriktssjef i Bergen tolldistrikt og 1957-64 var han driftssjef i Tolldirektoratet.
Berthelsen var medlem i bystyret i Arendal frå 1934 til 1946. Etter å ha flytta til Bergen var han valperioden 1956-59 bystyremedlem også der. Før den tid var han stortingsrepresentant for partiet Venstre og dei sju kjøpstadene i Telemark og Aust-Agder i to samanhengande periodar; 1945-49 og 1950-53. Alle åtte tingsesjonane var han sekretær i Administrasjonskomiteen.