Bertrand Besigye | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 24. oktober 1972 (52 år) Kampala |
Yrke | lyrikar |
Språk | norsk |
Bertrand Besigye (fødd 24. oktober 1972) er ein norsk diktar fødd i Uganda. Han debuterte i 1993 med diktsamlinga Og du dør så langsomt at du tror du lever som han mottok Tarjei Vesaas' debutantpris for. Den leikne og vitale samlinga representerte noko nytt i norsk poesi. Boka vart også ein bestseljar, noko som er særs sjeldan for diktsamlingar.