K. 118 Oratorium av Wolfgang Amadeus Mozart | |||
Sjanger | Kormusikk | ||
---|---|---|---|
Periode | Wienerklassisismen | ||
Komponert | 1771 | ||
Typisk lengd | 124:38 | ||
Satsar/akter | 16 (2 delar) | ||
Libretto av | Metastasio |
Betulia liberata («Frigjeringa av Bethulia») er tittelen på ein libretto av Pietro Metastasio som opphavleg vart bestilt av keisar Karl VI og sett til musikk av Georg Reutter den yngre i 1734, og sidan sett til musikk av så mange som 30 komponistar, som Niccolò Jommelli (1743), Ignaz Holzbauer (1752), Leopold Kozeluch (1780), Joseph Schuster (1787), Antonio Salieri (1821) og mest kjend av Mozart, som skreiv musikk til dette i 1771.
Mozart sin er mest kjend, men Jommelli sin versjon kan ha vore eit større stykke. Begge versjonane har fått lite merksemd, men i 2010 vart begge framført side om side ved festivalane Salzburg Whitsun og Ravenna leia av Riccardo Muti.
Mozart var 15 år gammal då han komponerte musikken i mars-juli 1771, som K. 118 (74c). Stykket er 140 minuttar langt. Det vart bestilt av Giuseppe Ximenes, prinsen av Aragon, medan Mozart var i Padova i Italia, og er det einaste oratoriet han skreiv.