Bi'ina eller al-Bi'na er ein arabisk by i Nord distrikt i Israel. Han ligg aust for Akko. I 2003 vart Bi'ina slått saman med Majd al-Krum og Deir al-Asad og danna byen Shaghur, men han fekk attende statusen som lokal kommune i 2008 etter at Shaghur vart oppløyst. Bi'ina har ein hovudsakleg muslimsk folkesetnad med ein liten kristen minoritet.
Landsbyen vart grunnlagd i krossfarartida og vart verande busett etter at Mamelukk-sultanatet erobra Palestina. Al-Qalqasandi (d. 1418) nemnde staden som «ein landsby i al-Sajur distrikt med eit kloster.» Klosteret vart òg nemnt seinare.[1]
I 1517 vart Bi'ina i lag med resten av Palestina ein del av Det osmanske riket etter at han vart erobra frå mamelukkane.[2]
Den franske forskaren Victor Guérin vitja i 1870-åra, og skreiv at folkesetnaden vart delt mellom drusarar og «skismatiske grekarar.» Han nemnte ein moské og ei gresk kyrkje, som begge var bygd over eldre kyrkjer.[3]
I folketeljinga i 1931 hadde Bi'ina 133 hus og ein folkesetnad på 441 muslimar og 270 kristne.[4] I 1945 hadde Bi'ina 830 innbyggjarar, all arabarar.[5]
Under Operasjon Hiram, 29-31. oktober 1948, overgav landsbyen seg til den framrykkande israelske hæren. Mange av landsbybuarane flykta nordover, men somme vart verande att, og vart ikkje forviste.[6] Landsbyen vart verande i unntakstilstand fram til 1966.
I 1981 vart det oppretta ein beduin-bydel i landsbyen, busett av medlemmar av Sawaed-stamma frå Rame.
- Denne artikkelen bygger på «Bi'ina» frå Wikipedia på engelsk, den 6. desember 2014.
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestina.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, Herbert H. (1881). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 1. London: Committee of the Palestine Exploration Fund. (p. 153)
- Ellenblum, Ronnie (2003). Frankish Rural Settlement in the Latin Kingdom of Jerusalem]. Cambridge University Press. ISBN 0521521874.
- Guérin, Victor (1880). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestina (på fransk). 3: Galilea, pt. 1. Paris: L'Imprimerie Nationale. (Deir al-Asad: s. 446, Majd al-Kurum: s. 437, 444)
- Hadawi, Sami (1970), Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine, Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. ISBN 3-920405-41-2.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestina.
- Morris (1987). The Birth of the Palestinian Refugee Problem. Cambridge University Press. ISBN 0-521-33028-9.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder and Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Pringle, Denys (1993), The Churches of the Crusader Kingdom of Jerusalem: A-K (excluding Acre and Jerusalem), Cambridge University Press (s.80 -92 )
- Röhricht, Reinhold (1893). (RRH) Regesta regni Hierosolymitani (MXCVII-MCCXCI) (på latin). Berlin: Libraria Academica Wageriana. (p. 188 no 674; s. 248 no 934; s. 256 no 974; s. 308 no 1175)
- ↑ Ellenblum, 2003, s. 167- 169
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 191
- ↑ Guérin, 1880, s. 445, as translated by Conder and Kitchener, 1881, SWP I, s.150
- ↑ Mills, 1932, s. 100
- ↑ Government of Palestina, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970 s. 40[daud lenkje]
- ↑ Morris, 1987, s. 226