Bianca Urbanke | |
Statsborgarskap | Tyskland, Den tyske demokratiske republikken |
Fødd | 17. september 1967 (57 år) Ludwigsfelde |
Idrett | handball |
Tok del i | Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992 |
Utmerkingar | Årets håndballspiller i Tyskland, Årets håndballspiller i Tyskland |
Bianca Urbanke (fødd 17. september 1967) er ein tysk tidlegare handballspelar som i 1993 vart verdsmeister for Tyskland. Ho var høgre rykkromspelar.
Urbanke fekk sin landslagsdebut med Aust-Tyskland i 1987, men deltok ikkje i nokon større turnering. I 1993 var ho laget sin toppskårar då det samla Tyskland gjekk til topps i verdsmeisterskapen i Noreg, etter siger over Danmark i finalen. På heimebane året etter tapte Tyskland EM-finalen. Etter femteplass i Handball-VM 1995, fekk Urbanke minimalt med speletid under Sommar-OL 1996 i Atlanta. Sidan deltok ho berre i Handball-VM 1999 av store landslagsturneringar. Urbanke spelte 207 landskampar og skåra 775 mål.
Opp til 1990 vann Urbanke tre meisterskapspokalar i Aust-Tyskland. I 1990 fekk ho kontrakt med Bayer Leverkusen. Her vann ho DHB-pokalen i 1991 og tapte finalen i IHF-cupen. Hausten 1993 gjekk ho over til TV Lützellinden. Våren 1994 var laget nær ved å kvalifisere seg til finalen i EHF-meisterligaen, rauk på dårlegare målskår enn Vasas Budapest. 1994-99 var ho Frankfurter HC-spelar. Frå 1999 til februar 2001 spelte Urbanke for spanske Mislata. Her vann ho EHF-cupen i sin første sesong. Sesongen etter vart ho spansk cupmeister. Til sist var ho Frankfurt-spelar fram til 2004. Som kaptein var ho med på å vinne DHB-pokalen i 2003. Ho avslutta med å verte tysk ligameister i 2004. Både i 2003 og 2004 vart ho kåra til årets spelar i Tyskland.