Bidun (arabisk بِدون) er i den arabiske verda ei nemning for personar utan statsborgarskap. Namnet kjem frå arabisk bidūn jinsiyya (بدون جنسي), som tyder 'utan nasjonalitet'.[1] Nemninga blir særleg brukt i Kuwait, som har eit stort tal bidun-innbyggjarar,[2] og i Bahrain. Sjølv om dei fleste bidun-folk også er beduinar, har dei to orda altså ikkje same tyding.[3][4] Ein kan også ha bidun-status om ein er innvandrar eller har innvandrarfar, eller ein kan bli fråteken statsborgarskapet av styresmaktene som straff for opposisjonell verksemd.[5]
Bidun-innbyggjarane i golfstaten tel rundt 100 000 personar.[6] Dei er verken rekna som kuwaitarar eller utlendingar.[6] Dei fleste er fødde i Kuwait eller har vore busette der i lang tid.[6] Dei stammar anten frå folk som ikkje blei registrerte som statsborgarar då landet fekk sjølvstende, eller av seinare innvandrarar.[7] Dei har ingen politiske rettar og har heller ikkje tilgang til graits utdanning eller helsetenester slik kuwaitiske statsborgarar har.[6] For å kjøpa eigedom, få arbeid eller reisa utanlands må dei bli sponsa av ein kuwaitisk statsborgar.[6]