Biel internasjonale sjakkfestival

Biel internasjonale sjakkfestival er ei årleg sjakkturnering som har blitt arrangert i Biel i Sveits sidan 1968. Sjakkfestivalen har sjakkturneringar for sjakkspelarar på alle nivå. Sidan 1977 har hovudturneringa vore ei stormeister-turnering, med oftast svært sterk deltaking. Tre gongar har hovudturneringa vore intersoneturnering, i 1976, 1985 og 1993.

Magnus Carlsen fekk sin første siger i ei stor internasjonal turnering i hovudturneringa i Biel i 2007. Han deltok første gong i 2005, 14 år gammal, og kom greit frå det med 4 poeng på 10 rundar. Han blei deretter nr 2 i 2006, nr 1 i 2007, og nr 3 i 2008. Han deltok ikkje i 2009 og 2010, men vann turneringa i juli 2011.

Vinnarar av hovudturneringa

[endre | endre wikiteksten]
År Vinnar Nasjon
1968 Edwin Bhend  Sveits
1969 Jan Timman  Nederland
1970 Predrag Ostojic  Jugoslavia
1971 Stanimir Nikolic  Jugoslavia
1972 Milan Vukic  Jugoslavia
1973 Milan Vukic og Janos Flesch  Jugoslavia,  Ungarn
1974 Bela Soos  Romania
1975 Miso Cebalo, John Pigott og David Parr  Jugoslavia,  Australia,  Australia
1976 Bent Larsen (Intersoneturnering)  Danmark
1977 Anthony Miles  Storbritannia
1978 Bent Larsen  Danmark
1979 Viktor Korchnoi  Sveits
1980 Yehuda Grünfeld  Israel
1981 Eric Lobron og Vlastimil Hort  Vest-Tyskland,  Tsjekkoslovakia
1982 John Nunn og Florin Gheorghiu  Storbritannia,  Romania
1983 Anthony Miles og John Nunn  Storbritannia,  Storbritannia
1984 Vlastimil Hort og Robert Hübner  Vest-Tyskland,  Vest-Tyskland
1985 Rafael Vaganian (Intersoneturnering)  Sovjetunionen
1986 Lev Polugaevskij og Eric Lobron  Sovjetunionen,  Vest-Tyskland
1987 Boris Gulko  USA
1988 Ivan Sokolov og Boris Gulko  Jugoslavia,  USA
1989 Vassilij Ivanchuk  Sovjetunionen
1990 Anatolij Karpov  Sovjetunionen
1991 Alexei Shirov  Latvia
1992 Anatolij Karpov  Russland
1993 Boris Gelfand (Intersoneturnering)  Kviterussland
1994 Viktor Gavrikov  Sveits
1995 Alexei Dreev  Russland
1996 Anatolij Karpov  Russland
1997 Viswanathan Anand  India
1998 Mladen Palac  Kroatia
1999 Jeroen Piket  Nederland
2000 Peter Svidler  Russland
2001 Viktor Korchnoi  Sveits
2002 Ilya Smirin  Israel
2003 Alexander Morozevitsj  Russland
2004 Alexander Morozevitsj  Russland
2005 Boris Gelfand og Andrei Volokitin  Israel,  Ukraina
2006 Alexander Morozevitsj  Russland
2007 Magnus Carlsen  Noreg
2008 Evgenij Alekseev  Russland
2009 Maxime Vachier-Lagrave  Frankrike
2010 Fabiano Caruana  Italia
2011 Magnus Carlsen  Noreg

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

Heimesida til Biel internasjonale sjakkfestival Arkivert 2009-02-25 ved Wayback Machine.