Biker Like an Icon Singel av Paul McCartney frå albumet Off the Ground | ||
Utgjeve | 8. november 1993 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:26 | |
Selskap | Parlophone | |
Låtskrivar(ar) | Paul McCartney | |
---|---|---|
Paul McCartney-kronologi | ||
«Off the Ground» (1993) |
Biker Like an Icon | «Transpiritual Stomp» (The Fireman) (1993)
|
«Biker Like an Icon» er ein song av Paul McCartney frå 1993 på albumet Off the Ground. Songen var den fjerde singelen frå albumet. Singelen låg fem veker inne på den tyske singellista og nådde 62. plassen der.[1]
Musikkvideoen til songen vart først send på MTV-programmet First Look.[2]
Ei av b-sidene til singelen var eit konsertopptak av «Biker Like an Icon» henta frå konsertalbumet Paul is Live. Songane «Things We Said Today» og «Midnight Special» vart spelte inn for MTV Unplugged i 1991, men ikkje tekne med på albumet Unplugged (The Official Bootleg).