Billy Davenport | |||
Fødd | 23. april 1931 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Chicago i Illinois i USA | ||
Død | 24. desember 1999 (68 år) | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | Blues, jazz | ||
Instrument | Trommer | ||
Tilknytte artistar | Willie Dixon, Muddy Waters, Howlin' Wolf, Otis Rush, Paul Butterfield | ||
Verka som | Trommeslagar |
Billy Davenport (23. april 1931–24. desember 1999)[1] var ein amerikansk trommeslagar som var mest kjend for arbeidet sitt med bluesmusikarar som Willie Dixon, Muddy Waters, Howlin' Wolf,[2] Otis Rush og Paul Butterfield. Han spelte på Butterfield-albumet East-West, og trekte seg så heilt attende frå musikkindustrien fram til 1972, og igjen frå 1974 til 1981.[3]
Han vart posthumt innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2015 som eit tidleg medlem av The Butterfield Band.[4]