Birger og Berger er mannsnamn som kjem frå norrøntBirgir eller Byrgir og tyder 'hjelpsam' eller 'hjelpar'. Til moderne norsk har det truleg komme frå svensk. Variantar av namnet er Berge, Børge og Børre.
I folketeljinga i 1801 vart sju personar manntalsførte med namnet Birger, seks av dei budde i Davik. Det var nokre hundre brukarar av dei andre namnevariantane.
I teljinga frå 1900 var det 2 500 personar som het Birger, og minst 1 000 med dei andre namnevariantane. Sidan har bruken av namnet gått attende.
I 2007 var det 3 700 som hadde Birger til første fornamn, og nokre få hundre bruka dei andre variantane av namnet.