Bishop and Clerk Islets

Bishop and Clerk Islets
øy
Land  Australia
Stad Sørvestlege Stillehavet
 •  høgd 50 moh.
 - koordinatar 55°3′S 158°46′E / 55.050°S 158.767°E / -55.050; 158.767
Areal 0,6 km²
Folketal Ingen
Kart
Bishop and Clerk Islets
55°03′00″S 158°46′00″E / 55.05°S 158.76666666667°E / -55.05; 158.76666666667
Bishop and Clerk Islets is located in Oseania
Bishop and Clerk Islets (Oseania)

Bishop and Clerk Islets er ei gruppe småøyar kring 33 km sør for Macquarieøya. Dei dekkjer 0,6 km². Bishop and Clerk Islets er det sørlegaste punktet i Australia (inkludert øyar) utanom Australsk Antarktis. Øyane er stort sett bert fjell og er ikkje høgare enn 50 meter over havet. Geologisk liknar dei Macquarieøya.[1]

Macquarieskarvar hekkar på Bishop and Clerk Islets.[2] Ein koloni med svartbrynalbatrossar vart oppdaga i 1965 på desse holmane.[3]

  1. Australian Natural Resources Atlas home page, arkivert frå originalen 30. september 2007, henta 7. november 2012 
  2. Australian Natural Resources Atlas home page[daud lenkje]
  3. Csiro Publishing - Emu, arkivert frå originalen 12. februar 2012, henta 7. november 2012