Bjarne

Bjarne Brøndbo.
Foto: Jarle Vines
Bjarne Riis.
Foto: Steve Ryan

Bjarne er eit mannsnamn av norrønt opphav. Det er avleidd frå namn som Bjørn, Bjørngeir og Bjørnulv, og betyr dermed 'bjørn' (eigentleg 'brun'). Bjarne har namnedag den 18. juni.

Den islandske forma Bjarni er svært utbreidd på Island. Bjarne er utbreidd i Noreg og Danmark, og er også noko brukt i Sverige og Tyskland.

Namnet var blant dei meste brukte for gutar fødde frå rundt 1895 til 1935, men bruken har sidan falle.

Namneberarar

[endre | endre wikiteksten]