Bjønnbrodd

Bjønnbrodd
Bjønnbrodd
Bjønnbrodd
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Vassgroordenen Alismatales
Familie: Bjørnebroddfamilien Tofieldiaceae
Slekt: Bjønnbroddslekta Tofieldia
Art: Bjønnbrodd T. pusilla
Vitskapleg namn
Tofieldia pusilla

Bjønnbrodd eller bjørnebrodd (Tofieldia pusilla) er ei urt i bjønnbroddslekta i bjønnbroddfamilien.[1][2] Planta vert kring 10 cm høg, og har grann stengel med eit kort blad nedst, og grønkvite blomstrar tett saman i toppen. Ved grunnen av blomsterskaftet har ho treflika støtteblad.

Arten har ei sirkumpolar utbreiing. I Noreg veks han på fuktige stader på kalkrik grunn over heile landet, og blomstrar kring juli månad. Bjønnbrodd er funnen opp til 1740 m i Jotunheimen.[1]

  1. 1,0 1,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 164. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre bjønnbrodd». Artsdatabanken. Henta 3. april 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Bjønnbrodd