Blau | |||
elv | |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Blau 48°24′58″N 9°47′02″E / 48.4161°N 9.7839°E | |||
Wikimedia Commons: Blau (Danube) |
Blau er ei 15 km lang elv i Baden-Württemberg sør i Tyskland, og ei av sideelvane til Donau frå venstre. Ho har utspring i ei karstkjelde kalla Blautopf, i byen Blaubeuren i Schwabisk Alb. Ho renn austover gjennom Blaustein til byen Ulm, der ho munnar ut i Donau.
Blaudalen vart forma av Donau. Då Schwabisk Alb steig grov først Donau seg djupare og djupare ned i dalen, men hamna etter kvart i ei lei som gjekk lenger sørvest. I dalen som vart igjen flyt Schmiech sørover og møter Donau i Ehingen og Blau renn austover til Ulm.