59°53′20.328″N 10°44′19.806″E / 59.88898000°N 10.73883500°E
Bleikøya | |||
øy | |||
Sørspissen av Bleikøya, med Daggerskjær utanfor og Gressholmen, Rambergøya og Heggholmen i bakgrunnen.
Foto: Helge Høifødt | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Bleikøya 59°53′20″N 10°44′20″E / 59.888888888889°N 10.738888888889°E | |||
Wikimedia Commons: Bleikøya |
Bleikøya er ei øy i indre Oslofjord som ligg utanfor Kongshavn, mellom Hovedøya og Sjursøya. Namnet kjem frå det norrøne ordet bleikr som tyder «lys». Bleikøya er eigd av Statsbygg og er regulert til friluftsområde. Det er hytter på øya, og ankomst skjer med ferje frå Vippetangen. Osloøyane sin einaste gard ligg nord på øya og er eigd av same familie sidan 1700-talet. Oslo kommune hadde frå 1855 til 1926 eit sjukehus for skrofuløse barn på øya.