Blood Red Throne er eit norsk daudmetall-band frå Kristiansand. Musikken er mykje i stil med dei amerikanske daudmetall-pionerane Cannibal Corpse og Deicide. Denne musikkstilen har tidlegare ikkje vore særleg utbreidd i Noreg, med di black metal på 1990-talet kom og kasta skugge over alt hitt. Blood Red Throne har soleis synt lovande takter.
I januar 2005 gav Blood Red Throne ut den tredje plata si, kalla Altered Genesis. Tchort frå det no oppløyste svartmetall-bandet Emperor er med som gitarist.