Bloody Well Right Singel av Supertramp frå albumet Crime of the Century | ||
A-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1974 | |
Innspelt | 1974 | |
Sjanger | Hardrock, progressiv rock | |
Lengd | 4:32 | |
Selskap | A&M | |
Komponist | Rick Davies, Roger Hodgson | |
Tekstforfattar | Rick Davies, Roger Hodgson | |
Låtskrivar(ar) | Rick Davies, Roger Hodgson | |
Produsent | Supertramp, Ken Scott | |
Supertramp-kronologi | ||
«Dreamer» (1974) |
Bloody Well Right | «Lady» (1975)
|
«Bloody Well Right» er ein song av det engelske rockebandet Supertramp frå albumet deira Crime of the Century frå 1974. Songen vart gjeven ut som B-side til singelen «Dreamer» i 1974. Lyttarane i USA føretrekte denne føre A-sida, og «Bloody Well Right» vart gjennombrotet deira i alndet, og nådde 35. plassen på Billboard Hot 100.[1]
Davies knytte saman opningssporet «School» til «Bloody Well Right» med linja «So you think your schooling is phoney», men i følgje Hodgson var andre samlande trådar utover dette berre i fantasien til lyttaren, så albumet var ikkje eit konseptalbum.[2]
Songen vart fast på Supertramp-konsertane etter han kom ut og strekte seg ofte over sju minutt. Konsertopptak finst på Paris, Live '88, It Was the Best of Times og Is Everybody Listening?.