Blow by Blow Studioalbum av Jeff Beck | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 29. mars 1975[1] | |
Innspelt | Oktober 1974 | |
Studio | AIR Studios i London | |
Sjanger | Jazz fusion, instrumental rock | |
Lengd | 44:40 | |
Selskap | Epic | |
Produsent | George Martin | |
Jeff Beck-kronologi | ||
---|---|---|
Live in Japan (1973) |
Blow by Blow | Wired (1976)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Robert Christgau | (B−)[3] |
PopMatters | (positiv)[4] |
Rolling Stone | (miksa)[5] |
The Rolling Stone Album Guide | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Blow by Blow er det første soloalbumet til den britiske gitaristen Jeff Beck, gjeve ut på Epic Records i 1975, og spelt inn i oktober 1974. Det var eit instrumentalt album som nådde fjerdeplassen på Billboard 200 og selde til platinaalbum.
Etter oppløysinga av powertrioen Beck, Bogert & Appice (BBA) våren 1974, brukte Beck tid som studiomusikar for andre artistar. I desember gjorde han ei halvhjarta prøvespeling for The Rolling Stones, der han jamma på bluessongar med bandet ein heil dag, før dei forstod at dei musikalske stilane deira ikkje passa i lag.[1]
På denne tida bestemte Beck seg for å spele inn eit heilt instrumentalt album, og henta inn att klaverspelaren Max Middleton som han hadde spelt med i Jeff Beck Group. Han leigde George Martin til å produsere albumet etter å ha høyrt kva han gjorde med Mahavishnu Orchestra.[1] I følgje Carmine Appice, som spelte med Beck i BBA, var han involvert i å skrive og spele inn Blow By Blow, men at partia hans vart redigert bort etter ein krangel med manageren til Beck.[7][8] Den fjerde viktige bidragsytaren til Blow by Blow etter Beck, Middleton og Martin, var Stevie Wonder, som gav Beck songane «Cause We've Ended As Lovers» og «Thelonius», med Wonder på clavinet på sistnemnde utan å vere nemnt på plateomslaget.[9] Den førstnemnde songen kom ut på Wonder-albumet Stevie Wonder Presents: Syreeta, skriven for den dåverande kona Syreeta Wright, medan Wonder sjølv aldri spelte inn «Thelonius». Ein coverversjon av Beatles-songen «She's a Woman» vart vald ut i tillegg til ein komposisjon av Bernie Holland frå gruppa Hummingbird, som bestod av musikarar som hadde spelt i Jeff Beck Group. Dei andre fem spora var originale innspelingar med Beck og Middleton som dei fremste låtskrivarane. Det siste sporet på kvar side inneheldt strykearrangement av Martin. Beck dediserte «Cause We've Ended As Lovers» til gitaristen Roy Buchanan.[10]
Albumet kom ut 29. mars 1975. Det vart ein hit i USA og nådde fjerdeplassen på Billboard-lista, og selde til slutt over ein million eksemplar. Det var den høgaste plasseringa Beck klarte på albumlista.[1][9]
Den 27. mars 2001 kom det ut ei nymastra CD-utgåve på Legacy Records.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «You Know What I Mean» | Jeff Beck, Max Middleton | 4:05 |
2. | «She's a Woman» | John Lennon and Paul McCartney | 4:31 |
3. | «Constipated Duck» | Jeff Beck | 2:48 |
4. | «Air Blower» | Jeff Beck, Max Middleton, Phil Chen, Richard Bailey | 5:10 |
5. | «Scatterbrain» | Jeff Beck, Max Middleton | 5:40 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Cause We've Ended as Lovers» | Stevie Wonder | 5:42 |
2. | «Thelonius» | Stevie Wonder | 3:16 |
3. | «Freeway Jam» | Max Middleton | 4:58 |
4. | «Diamond Dust» | Bernie Holland | 8:26 |