Blue Jay Way Song av The Beatles frå albumet Magical Mystery Tour | ||
Utgjeve | 27. november 1967 | |
Innspelt | 6.–7. september, 6. oktober 1967, EMI Studios, London | |
Sjanger | Psykedelisk rock | |
Lengd | 3:54 | |
Selskap | Parlophone (UK), Capitol (US) | |
Komponist | George Harrison | |
Tekstforfattar | George Harrison | |
Låtskrivar(ar) | George Harrison | |
---|---|---|
Produsent | George Martin |
«Blue Jay Way» er ein song skriven av George Harrison. Han vart først spelt inn og gjeve ut av The Beatles på albumet Magical Mystery Tour i 1967.
Namnet på songen kom frå ei gate høgt oppe i Hollywood Hills der ein ser ned på Sunset Boulevard med eit panoramautsyn over Hollywood og mykje av Los Angeles. For å kome til gata må ein følgje ei relativt komplisert køyrerute, som ikkje vert lettare ei tåkete natt, noko som skapte grunnlaget for innleiinga:
I følgje Harrison: «Derek Taylor vart seint ute. Han ringte for å seie at han kom seinare. Eg fortalde han på telefonen at huset var i Jay Way og han sa at han nok skulle finne det. Han kunne alltids spørje ein politikonstabel. Så eg venta og venta. Eg var verkeleg sliten etter flyturen, men eg ville ikkje leggje meg før han kom. Det var tåke og det vart seinare og seinare. For å halde meg vaken og for å få tida til å gå medan eg venta, skreiv eg ein song om ventinga på han i Blue Jay Way. Det fanst eit lite hammondorgel i hjørnet av huset som eg ikkje hadde oppdaga før då... så eg rota litt rundt på det og songen vart til.»[1]
I følgje Ian MacDonald:[2]