Bob Siebenberg | |||
Fødd | 31. oktober 1949 (75 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Glendale i California i USA | ||
Fødenamn | Robert Layne Siebenberg | ||
Alias | Bob C. Benberg | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1970– | ||
Sjanger | Rock, progressiv, pop | ||
Instrument | Trommer, perkusjon | ||
Tilknytte artistar | Supertramp | ||
Plateselskap | A&M Records | ||
Verka som | Trommeslagar, musikar | ||
Born | Jesse Siebenberg |
Robert Layne Siebenberg (fødd 31. oktober 1949) òg kjend som Bob C. Benberg, er ein USA-amerikansk musikar, mest kjend som medlem av det britiske rockebandet Supertramp, der han spelte trommer og perkusjon.[1] Han var den einaste amerikanaren i Supertramp. Sonen hans, Jesse, var ei stund med i Supertramp då dei gav ut konsertalbumet It Was the Best of Times (1999).
I 1985 gav Siebenberg ut soloalbumet Giants in Our Own Room.
Før han vart med i Supertramp, var Siebenberg medlem av pubrockbandet Bees Make Honey i Storbritannia, og RHS i USA.
I 1989 komponerte Siebenberg original musikk for Sierra On-line-videospelet Space Quest III.[2]