Bondelunge er ein type allergisk alveolitt som kjem etter innanding av biologisk støv frå høy eller muggsporer og andre jordbruksprodukt.[1] Det fører til type 3-allergi, ein potensielt farleg betennelsesreaksjon.[2]
Når ein andar inn allergen (allergiframkallande stoff) blir det vanlegvis slept ut eit antistoff i blodomlaupet kalla immunoglobulin E (IgE), som ein del av immunresponsen. Bondelunge skuldast ofte eksponering for termofile aktinobakteriar, slik som Saccharopolyspora rectivirgula, og det blir i staden slept ut immunoglobulin G (IgG). Etter eksponering vil IgG-antistoff feste seg til innanda allergen og danne eit immunkompleks langs innsida av alveolane i lungene. Dette fører til opphoping av væske, protein og celler i alveoleveggane. Konsekvensen av dette er ei tilkortkoming i blodgass-utvekslinga slik at lungefunksjonen blir dårlegare.[3]