Bonne Gauguin | |||
Fødd | 28. november 1910 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Oslo | ||
Død | 12. juli 1989 (78 år) | ||
Dødsstad | Oslo | ||
Fødenamn | Ingeborg Kathrine Jelstrup, Ingeborg Kathrine Jelstrup | ||
Aktive år | 1930–1984 | ||
Verka som | skodespelar, danseinstruktør | ||
Ektefelle | Paul René Gauguin |
Ingeborg Kathrine Gauguin (28. november 1910–12. juli 1989), best kjend som Bonne Gauguin, var ein norsk skodespelar og dansepedagog.[1]
Gauguin var dotter av arkitekt Thomas Krenkel Jelstrup (1863-1917) og Emilie Constanse «Milly» (f. Winter-Hjelm) (1876-1955). Ho utdanna seg til dansepedagog i Tyskland. På 1930-talet flytta ho til Trondheim og debuterte ved Trøndelag Teater.
I 1941 gifta ho seg med biletkunstnaren Paul René Gauguin, som var scenograf ved Unge Trøndelag Teater 1939–1945. Dei flytta til Oslo i I 1946, der ho fekk engasjement ved Studioteatret. Ekteskapet vart oppløyst før 1950. Då Studioteatret vart nedlagt, byrja ho å arbeide ved Riksteatret og arbeidde også ved Folketeatret og i mindre grad ved Det norske teatret, Radioteatret, Fjernsynsteatret og i norske filmar. Ein av dei siste teaterframsyningane hennar var som læraren i Grease i regi av Stein Winge i 1984.[2]