Borgmassivet | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Dronning Maud Land | ||
• høgd | 2 717 moh. [1] | ||
- koordinatar | 72°45′S 3°30′E / 72.750°S 3.500°E | ||
Lengd | 50 km | ||
Lettast tilkomst | snø/is-klatring | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Borgmassivet 72°45′S 3°30′E / 72.75°S 3.5°E | |||
Borgmassivet er eit fjellmassiv som strekkjer seg over 50 km med toppar på over 2700 moh, langs nordvestsida av Pencksøkket i Dronning Maud Land, Aust-Antarktis.[2] Det høgaste fjellet er på 2717 moh og er Høgsætet. Dei parallelle, isfylte dalane Raudbergdalen og Frostlendet går nordaustover gjennom massivet og deler toppane i tre grupper:
Fjellet vart fotografert frå lufta av Den tredje tyske antarktisekspedisjonen (1938–1939), leia av kaptein Alfred Ritscher, men vart ikkje vist på rett stad på karta til ekspedisjonen. Det vart kartlagt i detalj av norske kartografar frå landmålingar og flyfoto av Maudheimekspedisjonen (1949–1952), leia av John Schjelderup Giæver. Det vart kartlagt på ny av flyfoto tekne av Den sjette norske antarktisekspedisjonen (1958–1959). Dei namngav det i samband med Borga, det høgaste fjellet i massivet.[2]