Borre | |||
stad | |||
Borrehaugane
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestfold | ||
Kommune | Horten | ||
Postnummer | 3184 BORRE | ||
Ferdselsårer | 306 | ||
Borre 59°22′51″N 10°27′11″E / 59.380833°N 10.453056°E |
Borre (også kalla Kirkebakken) er ei bygd i Horten kommune i Vestfold . Borre har tidlegare òg vore eigen kommune, og fram til 2002 var Borre namnet på noverande Horten kommune. Bygda ligg sørom Horten sentrum. Borre var fram til 2014 som ein tettstad å rekne.
Her ligg Borre kyrkje. Sørom Borre ligg Høgskolen i Vestfold.
Ved Borre ligg parken Borrehaugene med den største samlinga av store kongegraver i Norden. Her ligg òg Midgard historisk senter.
Borre kommune vart oppretta som Borre formannskapsdistrikt i 1837.[1] 1. januar 1858 vart Horten skild ut frå Borre som eigen kommune. Borre hadde då 2 954 innbyggjarar. Horten hadde 4 636.
Ein del av Borre med 287 innbyggjarar vart overført til Horten 1. august 1921. Ein ny del med 308 innbygjarar vart overført 1. juli 1951.