Brian McGee | |||
Fødd | 8. mars 1959 (65 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Glasgow | ||
Opphav | Gorbals i Glasgow i Skottland | ||
Sjanger | Punkrock, post-punk, new wave, poprock, alternativ rock | ||
Instrument | Trommer, perkusjon, vokal | ||
Tilknytte artistar | Johnny and the Self Abusers, Simple Minds, Endgames, Propaganda, Ex-Simple Minds | ||
Plateselskap | Zoom, Virgin | ||
Verka som | Musikar |
Brian McGee (fødd 8. mars 1959) er ein skotsk trommeslagar som spelte i forskjellige band som Simple Minds og Endgames.[1] Broren hans Owen, har under sitt eige namn, Owen Paul, hatt ein hitsingel med ein versjon av Marshall Crenshaw-songen You're My Favorite Waste of Time.[2]
McGee møtte den framtidige Simple Minds-frontmannen Jim Kerr då dei begge gjekk på ungdomsskulen i lag, og vart med han og andre vener (gitaristen Charlie Burchill og bassisten Tony Donald) frå den same skulen i bandet Biba-Rom! kring midten av 1970-åra, medan dei framleis var på skulen.[3][4] I 1977 skipa dei punkbandet Johnny and the Self Abusers, som endra namn til Simple Minds.[5] Han var med på albuma Life in a Day, Real to Real Cacophony, Empires and Dance og Sons and Fascination. I september 1981[6] slutta han i Simple Minds etter å ha blitt trøytt av all turneringa og livet i bandet.[6]
Han vart sidan med i gruppa Endgames. Etter to album vart bandet oppløyst i 1985. På den tida gjekk han saman med den tidlegare kollegaen i Simple Minds, Derek Forbes, i gruppa Propaganda, der han var fram til 1995.[7] I 2009 skipa begge desse bandet Ex-Simple Minds eller XSM.