British South American Airways (BSAA) var eit britisk statsdrive flyselskap som i tida 1946-49 flaug ruter til Karibia og vestkysten av Sør-Amerika. BSAA nytta i hovudsak Avro-fly på rutene.
Etter at to av flya forsvann, vart selskapet slått saman med med British Overseas Airways Corporation (BOAC) frå 1. januar 1950.