Bruce Bouton | |||
Fødd | 1954 (71 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Sør-Carolina | ||
Aktiv | Sidan 1978 | ||
Sjanger | Country | ||
Instrument | Pedalsteelgitar, slidegitar, elektrisk gitar, resonatorgitar, klaverinstrument | ||
Tilknytte artistar | Garth Brooks | ||
Verka som | Musikar |
Bruce Bouton er ein USA-amerikansk gitarist, studiomusikar, produsent og låtskrivar. Pedalsteelgitaren hans har vore med på mange countryinnspelingar, og var med å ta pedalsteelgitaren attende som ein viktig del av Nashville-stilen.[1][2]
Bouton har turnert og spelt i studio med Garth Brooks sidan starten av karrieren til Brooks. Bouton var medlåtskrivar på songen «Against The Grain» for Brooks-albumet Ropin' the Wind.[3] Som ein del av studiobandet til Brooks, The G Men, vart Bouton innlemma i Musician's Hall of Fame and Museum.[4]
Bouton har òg spelt med Kenny Rogers,[5] Brooks & Dunn, Keith Urban,[6] Lonestar,[7] Pam Tillis, Lady Antebellum og Shania Twain.[8]