Bruce Fowler | |||
Fødd | 10. juli 1947 (77 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bruce Lambourne Fowler | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1973 til i dag | ||
Sjanger | Rock, jazz, klassisk, eksperimentell | ||
Instrument | Trombone | ||
Tilknytte artistar | Frank Zappa, Captain Beefheart, Ed Mann | ||
Verka som | Musikar, komponist, dirigent |
Bruce Lambourne Fowler (fødd 10. juli 1947)[1] er ein amerikansk trombonespelar og komponist. Han spelte trombone på mange Frank Zappa-album, i tillegg til med Captain Beefheart og i Fowler Brothers Band. I dag komponerer og arrangerer han musikk for filmar og har vore komponist, orkestrator og dirigent for mange populære filmar.
Han er son av jazzartisten William L. Fowler, og broren til multiinstrumentalisten Walt Fowler og bassisten Tom Fowler. Han er far til Rhea Fowler, bassgitarist for The Naturals. Bruce Fowler har spelt i både The Band From Utopia, Mar Vista Philharmonic og Jon Larsen sitt Strange News From Mars, begge med andre Zappa-artistar som Tommy Mars og Arthur Barrow. Han har òg spelt inn album med Air Pocket.