Brunsvigia

Brunsvigia
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Påskeliljefamilien Amaryllidaceae
Underfamilie: Amaryllidoideae
Stamme: Amaryllideae
Slekt: Brunsvigia
Heist., 1755

Brunsvigia er ei planteslekt i underfamilien Amaryllidoideae i påskeliljefamilien.[1] Ho omfattar kring 20 artar som høyrer heime i sørlege Afrika, frå Tanzania til Kapp-provinsane i Sør-Afrika.

Plantene blømer vanlegvis tidleg på hausten. Blomane er purpurfarga, rosa eller raude. Dei er tubeforma og er tilpassa pollinering frå fuglar.[2]

Namnet Brunsvigia er avleidd frå huset Braunschweig-Lüneburg,[3] særleg med omsyn på hertug Karl Vilhelm Ferdinand av Braunschweig-Wolfenbüttel som støtta plantestudiar, mellom anna av Kapp-arten B. orientalis. Namnet blei fyrst bruk i 1753 av tyske Lorenz Heister for å skildra ein enkelt lauk han hadde fått i 1748 av Gustaaf Willem van Imhoff frå Ryk Tulbagh i Kappkolonien.[4]

  1. Stevens, P.F., Angiosperm Phylogeny Website: Asparagales: Amaryllidoideae 
  2. Meerow, Alan W.; Snijman, Deirdre A. (1998), «Amaryllidaceae», i Kubitzki, Klaus, The Families and Genera of Vascular Plants, vol. III, Springer-Verlag Berlin Heidelberg GmbH, s. 83–110, ISBN 978-3-642-08377-8, doi:10.1007/978-3-662-03533-7 
  3. Van Jaarsveld, Ernst (2020), «Brunsvigia AMARYLLIDACEAE», i Eggli, U.; Nyffeler, R., Illustrated Handbook of Succulent Plants: Monocotyledons, Springer-Verlag GmbH, doi:10.1007/978-3-662-56486-8_37 
  4. "Flowers of Southern Africa" - Auriol Batten (Southern, 1988)