60°23′53.293″N 5°19′21.349″E / 60.39813694°N 5.32259694°E
Bryggens Museum på Bryggen i Bergen, eigenleg Bryggens Museum, Erling Dekke Næss’ Institutt for Middelalder-arkeologi, finansiert ved ei gåve frå skipsreidar Erling Dekke Næss, opna i 1976. Museet står på ei tomt på området etter brannen som råka den nordlege parten av Bryggen i 1955. Arkitekt for museumsbygningen var Øivind Maurseth, som òg har teikna Radisson Blu royal hotell (opphavleg SAS-hotellet) som ligg på branntomta attmed museet. Museumsbygningen vart tildelt Det nyttige Selskabs pris for god arkitektur i 1977, Norske Arkitekters Landsforbunds pris for 1979, og dessutan arkitekturprisen Betongtavlen for 1980.[1]
Museet inneheld funn frå dei store arkeologiske utgravingane av den parten av Bryggen som vart sett i gang på branntomta. Funn av gjenstandar, bygningsleivningar og dei opplysningane om tidlegare tilhøve som desse utgravingane og granskingane gav, er grunnlaget for den permanente utstillinga. Denne utgjer ein part av mellomaldersamlinga som Universitetsmuseet i Bergen har plassert på Bryggens Museum, og som altså høyrer inn under Universitetet i Bergen. Elles inngår Bryggens Museum i museumseininga Bymuseet i Bergen, saman med andre museum i Bergensområdet.
I tillegg til den permanente utstillinga, har museet òg fleire skiftande utstillingar. Til desse utstillingane vert det som regel gitt ut ein katalog. Museet har tidlegare dessutan gjeve ut ein serie hefte med ulike tema om mellomalderen i samband med dei opne onsdagsføredraga som museet skipa til.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |