Brårud | |||
tettstad | |||
Svanfossvegen (FV179) går gjennom Brårud.
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Akershus | ||
Kommune | Nes | ||
Areal | 0,38 km² | ||
Folketal | 467 (2023) | ||
Folketettleik | 1 229 / km² | ||
Postnummer | 2162 BRÅRUD | ||
Brårud 60°12′37″N 11°19′57″E / 60.210277777778°N 11.3325°E |
Brårud er ein tettstad i Nes kommune på Romerike i Akershus. Staden har 467 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg på vestsida av Vorma, ti km nordom Vormsund. Grenda ligg ikkje langt frå Fenstad, og folket i grenda soknar til Fenstad kyrkje i Nes prestegjeld.
Brårud hadde tidlegare eige postkontor. Postnummeret 2162 BRÅRUD er framleis i bruk. Det er òg grunnskule (Brårud skole) i grenda med undervisning frå 1. til 7. steg. Skulen vart bygd i 1975.