Budrus | |||
بٌدرُس | |||
kommune | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Ramallah og al-Bireh guvernement | ||
Koordinatar | 31°57′59.66″N 34°59′37.08″E / 31.9665722°N 34.9936333°E | ||
Folketal | 1 399 (2006) | ||
![]() Budrus 31°58′00″N 34°59′37″E / 31.966572222222°N 34.993633333333°E | |||
Wikimedia Commons: Budrus |
Budrus (arabisk بٌدرُس) er ein palestinsk by i Ramallah og al-Bireh guvernement, 31 kilometer nordvest for Ramallah, nord på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde byen eit folketal på 1 399 innbyggjarar i 2007.[1]
Budrus er arabisk for «Peter» og i oldtida vart landsbyen kalla Patris. Den moderne landsbyen ligg like aust for våpenkvilelinja frå 1949, medan oldtidsbyen truleg låg 2 km unna ved Khirbet Budrus, på vestsida av linja.[2][3] Han er nemnd i den jødiske Tosefta (Demai 1)[4] som ein del av grensa til dei sørlege fjella i Judea.[5]
I 1596 var Budrus oppført i osmanske skattelister som ein del av Ramla nahiya i Gaza liwa. Han hadde eit folketal på 46 muslimske hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, oliven eller sommaravlingar, geiter eller bikubar og ei presse for oliven eller druer.[6]
Budrus vart skildra i 1870-åra som «ein liten landsby, med olivenlundar og cisterner. Han låg nær to heilage stader, og hadde ein gravplass (Imam 'Aly) i vest.»[7]
I folketeljinga i 1931 hadde Budrus 98 busette hus og eit folketal på 430 muslimar.[8] Folkesetnaden hadde auka i 510 til 1945.[9]
Nord og vest for Budrus ligg Israel si sperring på Vestbreidda og det har ofte vore demonstrasjonar mot sperringa her[10]sidan 2003.[11]