Bulandet | |
---|---|
![]() Nyevegen på Bulandet med Alden i bakgrunnen | |
Geografi | |
![]() | |
Stad | Sunnfjord |
Koordinatar | 61°17′26″N 04°37′17″E / 61.29056°N 4.62139°E
|
Tal på øyar | ca. 300 |
Store øyar | 15
|
Høgaste punkt | 43 moh. |
Administrasjon | |
Land | ![]() |
Fylke | Vestland
|
Demografi | |
Folketal | ca. 230 (2023)
|
Bulandet, tidlegare kalla Bue, er ei øygruppe vest i havet i Askvoll kommune. Det er rundt 300 øyer, holmar og skjer i gruppa, ofte blir det sagt talet på dei er 365. Dei rundt 260 personane som bur i Bulandet held til på rundt 15 av øyane. Namnet «Bulandet» kjem av «bu», som i «rorbu» eller «sjøbu». Området er også blitt omtalt som Noreg eller Vestlandet sitt svar på Venezia.
Etter at aktiviteten på Utvær i Solund kommune tok slutt er Bulandet det vestlegaste levande fiskeværet i Noreg. Hovudnæringa er framleis fiske og fiskeforedling, men turisme gjev òg arbeid og innkome og er ein næringsveg i vekst. Det er barnehage og kombinert barne- og ungdomsskule på Bulandet, der òg ungane frå Værlandet går.
I 2003 vart veg- og bruanlegget kalla «Nordsjøporten» opna. Tidlegare var det ferjesamband frå Askvoll/Fure/Værlandet til Bulandet, no går ferja til Værlandet og derfrå er det veg- og brusamband til Bulandet. Nordsjøportenanlegget er på til saman 6 nye bruer og 5240 meter ny veg.
Øyane er bygd opp av sandstein frå devontida.
Bulandet var hamn for seglingar mellom Noreg og Storbritannia under andre verdskrigen, og blei utsett for ein tysk straffeekspedisjon.
Blant dei busette øyane er:
1801[1] | 1900[2] | 2000[3] | 2023[3] |
---|---|---|---|
70 | 171 | 2401 | 2321 |
1Med Melværet.