Burqa (arabisk بُرقة) er ein palestinsk by i Ramallah og al-Bireh guvernement, 6 km aust for Ramallah nord på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde byen eit folketal på kring 2 090 innbyggjarar i 2007.[2]
I 1596 stod Burqa oppført i osmanske skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 28 muslimske hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, oliven, frukttre, geiter og/eller bikubar.[3]
I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Burkah som «ein ganske stor landsby i høgd lende i ei berr åsside, med ei kjelde i dalen i sør.»[4]
I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Burqa eit folketal på 268, alle muslimar,[5] medan han i folketeljinga i 1931 hadde 66 busette hus og eit folketal på 320, framleis alle muslimar.[6]
I 1945 var folketalet 380, alle arabarar, medan det samla landarealet var 6 001 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[7] Av dette var 1 297 mål for plantasjar og irrigert land, 2 460 for korn,[8] medan 22 mål var klassifisert som utbygde område.[9]
- ↑ Palmer, 1881, s. 292
- ↑ 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.112.
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 112
- ↑ Conder og Kitchener, 1883, s. 9
- ↑ Barron, 1923, Table VII, Underdistrikt of Ramleh
- ↑ Mills, 1932, s. 48.
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 64
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 111
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 161
- Denne artikkelen bygger på «Burqa, Ramallah» frå Wikipedia på engelsk, den 22. september 2015.
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1883). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 3. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Hadawi, Sami (1970), Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine, Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Robinson, Edward; Smith, Eli (1841). Biblical Researches in Palestine, Mount Sinai and Arabia Petraea: A Journal of Travels in the year 1838 2. Boston: Crocker & Brewster. (p. 118 )