Bushen (the bush) i Alaska viser til dei delane av delstaten som ikkje er tilknytte det nordamerikanske vegnettverket[1] eller ferjenettverket i delstaten. Dei fleste delane av Alaska som ikkje er knytt til vegsystemet kan ein berre nå med småfly (bushfly).[2] Reise frå stad til stad skjer typisk med snøskuter, båt eller hundespann.[3]
Geografisk høyrer område som North Slope, Northwest Arctic Borough, vestlege område som Baldwin- og Seward-halvøya, Yukon-Kuskokwim-delatet, Sørvest-Alaska med Bristol Bay, Alaskahalvøya og isolerte område i det såkalla Alaska Panhandle og indre Alaska eller Alaska Interior til bushen.
Størsteparten av urfolka i Alaska lever i bushen, med levevis som liknar mykje på dei forfedrane deira hadde.[3][4] Større busetnader i desse områda er mellom anna Bethel,[3] Dillingham,[3] King Salmon,[3] Nome,[1][3] Barrow,[1][3] Katmai National Park,[1] Kodiak Island,[1] Kotzebue,[3] og Unalaska-Dutch Harbor.[3]