Buster: The Original Motion Picture Soundtrack Filmmusikk av Forskjellige artistar | ||
Utgjeve | September 1988 (US) | |
Innspelt | 1988 (utanom «Just One Look», «I Got You Babe», «Keep on Running», «How Do You Do It?», «I Just Don't Know What to Do with Myself» og «Sweets for My Sweet», som vart spelte inn i 1960-åra) | |
Lengd | 2 405 sekund | |
Selskap | Virgin (UK og Irland) Atlantic (USA og Canada) WEA (resten av verda) | |
Phil Collins-kronologi | ||
---|---|---|
12"ers (1987) |
Buster: The Original Motion Picture Soundtrack | ...But Seriously (1989)
|
Buster: The Original Motion Picture Soundtrack er eit filmmusikkalbum frå 1988 for den britiske filmen Buster. Albumet er i røynda ei samling av 60-talslåtar mellom to nye Phil Collins-songar som vart spelte inn for filmen. Collins var òg skodespelar i filmen. «Two Hearts» vart skriven spesifikt for filmen og «A Groovy Kind of Love» som var ei nyinnspeling av songen som vart gjort mest kjend av The Mindbenders i 1965. Begge vart gjevne ut som singlar og gjekk heilt til topps på The Billboard 100-lista i USA. «A Groovy Kind of Love» gjekk òg til topps i Storbritannia. Andre nye songar på albumet var «Big Noise» og The Four Tops sin «Loco in Acapulco», som var skriven i lag med Collins.
«Two Hearts» og «A Groovy Kind of Love» vart ikkje gjeve ut på eit Phil Collins-album før 1998 på ...Hits, men det finst eit konsertopptak av songane på Serious Hits... Live! i 1990.
† Fem spor inneheld musikk av The London Film Orchestra skriven av Anne Dudley.
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1989 | Billboard 200 | 54[1] |
År | Singel | Artist | Liste | Plassering |
---|---|---|---|---|
1988 | «A Groovy Kind of Love» | Phil Collins | Billboard Hot 100 | 1 |
1989 | «Two Hearts» | Phil Collins | Billboard Hot 100 | 1 |