Butch Trucks

Butch Trucks

Trucks i 2007
Fødd11. mai 1947(1947-05-11)
FødestadJacksonville i Florida i USA
Død24. januar 2017 (69 år)
DødsstadWest Palm Beach i Florida i USA
FødenamnClaude Hudson Trucks
AliasButch Trucks
OpphavUSA
Aktiv1964–2017
SjangerSouthern rock
InstrumentTrommer
Tilknytte artistarThe Allman Brothers Band, The 31st of February, Les Brers, Butch Trucks & the Freight Train Band, Frogwings
PlateselskapFlying Frog
Verka somMusikar

Claude Hudson «Butch» Trucks (11. mai 194724. januar 2017) var ein USA-amerikansk trommeslagar. Han var mest kjend som opphavleg medlem i The Allman Brothers Band, som ein av to trommisar i bandet i lag med Jai Johanny Johanson. Trucks vart fødd og voks opp i Jacksonville i Florida. Han spelte i forskjellige grupper før ha han skipa The 31st of FebruaryFlorida State University i midten av 1960-åra. Han kom med i The Allman Brothers Band i 1969. Konsertalbumet deira frå 1971, At Fillmore East, vart det store gjennombrotet deira. Gruppa vart ei av dei mest populære i 1970-åra med sterke konsertar og fleire suksessrike album. Sjølv om bandet vart oppløyst og kom saman att fleire gonger, var Trucks med konstant i den 45 år lange karrieren deira.

I 1999 kom nevøen til Trucks, gitaristen Derek Trucks, med i The Allman Brothers Band. 24. januar 2017 tok Trucks livet sitt med eit skytevåpen, visstnok etter fleire år med økonomiske problem.[1]

  1. Grow, Kory (9. september 2018). «Butch Trucks, Allman Brothers Band Drummer and Co-Founder, Dead at 69». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 26. januar 2017. Henta 9. september 2018. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Butch Trucks