Butterfly Studioalbum av The Hollies | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | November 1967 | |
Innspelt | 1. august – 6. oktober 1967 i Abbey Road Studios, London | |
Sjanger | ||
Lengd | 33:14 | |
Selskap | Parlophone | |
Produsent | Ron Richards | |
The Hollies-kronologi | ||
---|---|---|
Evolution (1967) |
Butterfly | Hollies' Greatest (1968)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Q | [2] |
Butterfly er det andre studioalbumet av det britiske bandet The Hollies i 1967 og det sjuande totalt. Det er òg det siste Hollies-albumet med Graham Nash fram til What Goes Around i 1983. Dette og føregjengarane For Certain Because og Evolution bestod av songar berre skrivne av Allan Clarke, Graham Nash og Tony Hicks.
Albumet vart i hovudsak leia av Nash og han var solovokalisten på fleire songar her enn på tidlegare album.
Som med Evolution, vart ingen av songane på albumet gjevne ut på singel eller EP i Storbritannia. I USA vart «Dear Eloise» gjeven ut på singel, medan «Try It» og «Elevated Observations?» vart gjevne ut som B-sider av «Jennifer Eccles» og «Do The Best You Can». I Canada nådde singelen «Dear Eloise» 36. plassen på singellista.
I 1978 gav Parlophone ut att Butterfly med nytt plateomslag, og igjen i 1999.[2] Dei fleste CD-utgåvene av albumet nyttar det originale albumet.
Alle songar er skrivne av Allan Clarke, Tony Hicks, and Graham Nash.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Dear Eloise» | 3:04 |
2. | «Away Away Away» | 2:19 |
3. | «Maker» | 2:52 |
4. | «Pegasus» | 2:38 |
5. | «Would You Believe?» | 4:08 |
6. | «Wishyouawish» | 2:04 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
7. | «Postcard» | 2:17 |
8. | «Charlie and Fred» | 2:56 |
9. | «Try It» | 3:04 |
10. | «Elevated Observations?» | 2:32 |
11. | «Step Inside» | 2:51 |
12. | «Butterfly» | 2:42 |
Dear Eloise / King Midas in Reverse Studioalbum av The Hollies | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 27. november 1967 | |
Innspelt | 1. august – 6. oktober 1967 (utanom 3. mars 1967 for «Leave Me») i Abbey Road Studios i London | |
Sjanger | ||
Selskap | Epic Records | |
Produsent | Ron Richards | |
Amerikansk The Hollies-kronologi | ||
---|---|---|
Evolution (1967) |
Dear Eloise / King Midas in Reverse | Words and Music By Bob Dylan (1969)
|
Den amerikanske utgåve av Butterfly vart kalla Dear Eloise / King Midas in Reverse og gjeve ut med eit heilt anna plateomslag på Epic Records den 27. november 1967. Det inneheldt singelen «King Midas in Reverse» og songen «Leave Me» frå den britiske utgåva av Evolution, medan songane «Pegasus», «Try It» og «Elevated Observations» vart fjerna.
Alle songar er skrivne av Allan Clarke, Tony Hicks og Graham Nash.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Dear Eloise» | 2:33 |
2. | «Wishyouawish» | 1:58 |
3. | «Charlie and Fred» | 2:54 |
4. | «Butterfly» | 2:41 |
5. | «Leave Me» | 2:06 |
6. | «Postcard» | 2:04 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
7. | «King Midas in Reverse» | 3:07 |
8. | «Would You Believe» | 3:02 |
9. | «Away Away Away» | 2:19 |
10. | «Maker» | 2:33 |
11. | «Step Inside» | 2:52 |