Bye Bye Love

Bye Bye Love
Singel av The Everly Brothers
frå albumet The Everly Brothers
B-side

«I Wonder If I Care as Much»

Språk engelsk
Utgjeve Mars 1957
Innspelt 1. mars 1957, RCA Studios, Nashville, Tennessee
Sjanger Rockabilly, country, rock and roll
Lengd 2:23
Selskap Cadence
Komponist Boudleaux Bryant, Felice Bryant
Tekstforfattar Boudleaux Bryant, Felice Bryant
Låtskrivar(ar) Felice og Boudleaux Bryant
The Everly Brothers-kronologi 
«Keep A-Lovin' Me»
(1956)
Bye Bye Love «Wake Up Little Susie»
(1957)


«Bye Bye Love» er ein popsong skriven av Felice og Boudleaux Bryant og publisert i 1957. Han er mest kjend med debutinnspelinga til The Everly Brothers,[1] gjeven ut på Cadence Records. Songen nådde andreplassen på den amerikanske Billboard-lista og førsteplassen på Cash Box Best Selling Record-lista. Versjonen nådde òg toppen av countrylista i USA våren 1957.[2] The Everly Brothers sin versjon av «Bye Bye Love» vart rangert på 210. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.

Andre versjonar

[endre | endre wikiteksten]

Webb Pierce spelte inn ein versjon av «Bye Bye Love» kring same tida som Every Brothers, og denne nådde sjuandeplassen på den amerikanske singellista sommaren 1957.

Andre artistar som har spelt inn songen er

Songen vart nytta i filmen All That Jazz i 1979, sungen av Ben Vereen og Roy Scheider. Han vart òg spelt i første episode av sesong to av Masters of Sex.[4]

  1. The Everly Brothers intervjua på Pop Chronicles (1969)
  2. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 117. 
  3. «RPM Country Tracks». RPM. 4. juli 1992. Henta 21. februar 2015. 
  4. http://www.tunefind.com/show/masters-of-sex/season-2/18060

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]