Børselv | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommune | Porsanger | ||
Postnummer | 9716 BØRSELV | ||
Preposisjon | i Børselv | ||
Ferdselsårer | 98 | ||
Børselv 70°19′03″N 25°33′58″E / 70.3175°N 25.566111111111°E |
Børselv (kvensk Pyssyjoki, nordsamisk Bissojohka) er ei bygd og ein tettbygd stad i Porsanger kommune i Finnmark fylke, ca. 42 km frå Lakselv. Innbyggjartalet er ca. 250. Børselv er mest kjend for å vere ei av dei bygdene der kvensk står sterkast.
Børselv har ein daglevarebutikk som har bensinutsal, tipping og apotekutsal. Børselv oppvekstsenter består av barnehage og barne- og ungdomsskule. Skulen hadde 19 elevar i 2010.
I Børselv ligg Kainun institutti - kvensk institutt. Senteret har vore i full drift sidan januar 2007. Det arbeider for å verne og utvikle kvensk språk og kultur, og driv dessutan både språkleg og kulturelt opplysningsarbeid.
Når det gjeld reiselivsnæring finst det i Børselv ein overnattingsstad, Bungalåven‚ eit lite familiedrive overnattings- og aktivitetssenter.
Gjennom bygda renn Børselva, ei elv der laksen går ca 80 km innover i landet.