Cannonball Singel av Supertramp frå albumet Brother Where You Bound | ||
B-side |
Ever Open Door | |
---|---|---|
Utgjeve | 1985 | |
Sjanger | Progressiv rock, funkrock | |
Lengd | 4:47 (singel) 7:38 (album) 7:42 (12"-versjonen) 10:00 (12"-instrumental) | |
Selskap | A&M | |
Tekstforfattar | Rick Davies | |
Låtskrivar(ar) | Rick Davies | |
Produsent | Supertramp, David Kershenbaum | |
Supertramp-kronologi | ||
«Still in Love» (1985) |
Cannonball | «Better Days» (1985)
|
«Cannonball» er opningssporet på Supertramp-albumet Brother Where You Bound frå 1985.
«Cannonball» var skriven og sungen av klaverspelaren Rick Davies utelukkande på akkorden g-moll. Davies sa i eit intervju «eg berre såg om det var mogeleg».
Songen vart den siste topp 40-singelen til Supertramp i USA då han nådde 28. plassen på Billboard-lista våren 1985. Songen gjekk òg inn på dance-lista, der han nådde niandeplassen.
På den andre sida av 12"-versjonen var ein ti minuttar lang instrumentalversjon av songen.[1] Nær avslutninga av LP-versjonen kan ein høyre blåsarar sitere jazzmelodien Topsy.
Musikkvideoen var regissert av Steve Barron og syner ein holebuar som kjem heim til dagens Grand Junction i Colorado for å sjå bandet øve på songen på ein scene.
Liste (1985) | Plassering |
---|---|
Nederlandsk Topp 40[2] | 35 |
Den tyske singellista[3] | 60 |
Den sveitsiske singellista[4] | 25 |
US Billboard Hot 100[5] | 28 |
US Billboard Mainstream Rock spor[5] | 4 |
US Billboard Hot Dance Club Play[5] | 9 |