Cante Alentejano (‘Alentejo-song’) er ein polyfonsongsjanger frå Alentejo i Portugal.[1][2][3] Saman med fado er han ein av dei særeigne portugisiske sjangrane. Begge er førte opp på UNESCO si liste over meisterverk i munnleg og immateriell kulturarv. I cante alentejano blir lyrikk framført a cappella av amatørkor på opp til 30 personar, ofte reine mannskor. Songen følgjer eit fast skjema: Songen blir innleia med fire verselinjer av ei mørk solorøyst, deretter blir melodien gjenteken av ei lysare røyst før heile koret syng med. Songen er prega av særeigne melodiar og tekster. Tradisjonen er stadig levande i Alentejo og blir overført frå eldre utøvarar til ny generasjonar i praktiske korøvingar. Songarane møtast i eigne klubbar eller på lokal kafear og barar.[1][4]Serpa kommune tok initiativet til å få cante ført på UNESCO si liste.[5]
«Grândola, Vila Morena» av Zeca Afonso er ein av dei mest kjende songane i denne stilen. Songen blei brukt som hemmeleg signal under Nellikrevolusjonen i 1974 og har sidan vore eit kjent symbol på demokratiseringa og politisk protest.[6][7][8]
Sergio Trefaut vann i 2014 prisen for beste portugisiske film på Lisboa filmfestival for dokumentaren Alentejo, Alentejo om denne songtradisjonen.[9] Cante Alentejano blei lenge sett på som trist og kjedeleg; på 2000-talet har han fått auka popularitet og status (slik fado har fått), særleg etter UNSECO-anerkjenninga i 2014. Det er usikkert korleis stilen har oppstått – greske, jødiske og mauriske påverknadar har vore føreslegne av musikkforskarar.[4]Gregoriansk song har også blitt foreslått som eit mogleg opphav.[10] Opphaveleg blei det truleg sunge ved sosiale samkomer eller uformelt blant gardsarbeidarar; frå 1926 var det faste kor fyrst i São Domingos, så i Serpa.[5] I 2014 var det om lag 150 kor i Alentejo.[11]
↑ 1,01,1«UNESCO - Cante Alentejano, polyphonic singing from Alentejo, southern Portugal». ich.unesco.org (på engelsk). Henta 14. januar 2019. «Cante Alentejano is a genre of traditional two-part singing performed by amateur choral groups in southern Portugal, characterized by distinctive melodies, lyrics and vocal styles, and performed without instrumentation. Groups consist of up to thirty singers divided into groups.»
↑Ciccia, M. N. (2013). «Grândola Vila Morena»: l’hymne de la contestation portugaise. Lengas. Revue de sociolinguistique, (74).
↑ 4,04,1«Chorgesang - Der "Cante Alentejano" erobert Portugals Metropolen». Deutschlandfunk Kultur (på tysk). 09.04.2015. Henta 20. januar 2019. «Noch kurz bevor wir im November zur UNESCO gefahren sind, galt der Cante als ein langweiliger, trauriger Gesang. Ein bisschen so, wie man vor ein paar Jahrzehnten noch den Fado gesehen hat – jenen poetischen Gesang, der in den Armenvierteln Lissabons entstanden ist. Durch die internationale Anerkennung des Cante Alentejano als Weltkulturerbe hat sich dann aber plötzlich alles verändert. Ich kam aus Paris zurück nach Portugal und der Cante war auf einmal ein echter Popstar»
↑«Alentejo, Alentejo: Lisbon Review». The Hollywood Reporter (på engelsk). 13. mai 2014. Henta 20. januar 2019. «Trefaut and his editor Pedro Marques include no fewer than 26 examples of cante (pronounced 'can-teh') performed--without musical accompaniment--by ten different choirs, most of them from the eponymous Alentejo area in the country's south. Many of the songs, which are with only a couple of exceptions presented in full, deal with the landscape, history and hardships of this agricultural district.»
↑Cunha, Carlos; Cunha, Rhonda (2010). Culture and Customs of Portugal. ABC-CLIO.
↑Gomes, Kathleen (27. november 2014). «O cante do Alentejo já é património mundial e UNESCO chamou-lhe "exemplar"». PÚBLICO (på portugisisk). Henta 21. januar 2019. «A candidatura do cante a património imaterial da UNESCO teve como promotores a Câmara Municipal de Serpa e a Entidade Regional de Turismo/ Agência de Promoção do Alentejo. Independentemente da decisão que fosse tomada pela UNESCO, a candidatura criou uma dinâmica regional e local que trouxe uma vitalidade ao cante, com o aparecimento de novos grupos, muitos deles compostos por jovens, e uma visibilidade mediática inédita. Existem actualmente mais de 150 grupos de cante no Alentejo.»