Carry On Wayward Son Singel av Kansas frå albumet Leftoverture | ||
B-side |
Questions of My Childhood | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 19. november 1976 | |
Innspelt | Desember 1975 | |
Sjanger | ||
Lengd | 5:26 (album), 3:26 (singel) | |
Selskap | Kirshner | |
Låtskrivar(ar) | Kerry Livgren | |
Produsent | Jeff Glixman, Kansas | |
Kansas-kronologi | ||
«It Takes a Woman's Love (To Make a Man)» (1976) |
Carry On Wayward Son | «What's on My Mind» (1976)
|
«Carry On Wayward Son» er ein singel spelt inn av Kansas og skriven av Kerry Livgren for albumet Leftoverture frå 1976. I 1977 nådde songen 11. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100, og vart den første topp 20-songen deira.[3] Songen selte til gullplate i USA den 18. desember 1990.
Singelen vart korta ned med to minutt. I tillegg til å gå inn på singellista i USA, nådde songen 51. plassen på singellista i Storbritannia.[4] B-sida til singelen var «Questions of My Childhood».
Songen vart rangert på 96. plassen på lista til VH1 over dei 100 beste hardrocksongane gjennom tidene.[5]
Liste (1976–77) | Plassering |
---|---|
Canadian RPM Top Singles | 5 |
UK Singles (Official Charts Company)[6] | 51 |
US Billboard Hot 100[7] | 11 |
«Carry On Wayward Son» vert rekna som den uoffisielle kjenningsmelodien til TV-serien Supernatural.[8]