Cassini Regio

Kart over Iapetus. Cassini Regio er heile det mørke området.

Cassini Regio er det mørke terrenget som dekkjer nær 40% av yta til saturnmånen Iapetus. Det største kjende nedslagskrateret på Iapetus, Turgis, ligg heilt aust i Cassini Regio. Området er namnsett etter Giovanni Cassini som oppdaga Iapetus i 1671.