Caswell Bay er ei bukt og ein populær feriestad på søraustsida av Gowerhalvøya i Swansea i Wales.
Bukta har ei strand og innanfor sandstranda ligg ein fritidspark. Caswell har gode forhold for surfing og her ligg fleire hotell. Stranda har ofte Blått Flagg-status og ligg nær landsbyen Mumbles.