Cat People (Putting Out Fire) Singel av David Bowie frå albumet Cat People: Original Soundtrack | ||
B-side |
«Paul's Theme (Jogging Chase)» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | April 1982 | |
Innspelt | juli 1982 | |
Studio | Mountain Studios i Montreux | |
Sjanger | New wave[1] | |
Lengd | 4:08 (redigert) 6:41 (full versjon) | |
Selskap | MCA | |
Komponist | Giorgio Moroder | |
Tekstforfattar | David Bowie | |
Låtskrivar(ar) | Giorgio Moroder (musikk) David Bowie (tekst) | |
Produsent | Giorgio Moroder | |
David Bowie-kronologi | ||
'Baal' (1982) |
Cat People (Putting Out Fire) | Peace on Earth/Little Drummer Boy (1982)
|
«Cat People (Putting Out Fire)» er ein song spelt inn av den engelske musikaren David Bowie. Songen var tittelsporet til den erotiske skrekkfilmen Cat People frå 1982 og Bowie vart involvert på sporet etter at regissøren Paul Schrader kontakta han om eit samarbeid. Songen vart spelt inn i Mountain Studios i Montreux i Sveits i juli 1981. Bowie skreiv teksten, som reflekterte filmen, medan den italienske produsenten Giorgio Moroder komponerte musikken, som er bygd kring berre to akkordar.
Songen vart gjeven ut på singel på selskapet til Moroder, MCA Records i april 1982 og kom ut i to utgåver på 7"- og 12"-vinyl. Ulike land hadde ulike variantar. Han kom òg ut på det tilhøyrande filmmusikkalbumet. Singelen selde godt og gjekk inn på singellista i både Storbritannia og USA og toppa listene i New Zealand, Sverige, Noreg og Finland. Han vart rekna som ein av dei beste innspelingane til Bowie i 1980-åra. Songen har sidan komen ut på fleire samlealbum og vart ommastra i 2017 for plateboksen A New Career in a New Town (1977–1982).
Bowie var misnøgd med den originale innspelinga og laga ein ny versjon for det 15. studioalbumet sitt, Let's Dance (1983), spelt inn i Power Station i New York City i desember 1982. Innspelingar var produsert av Chic-medlemmet Nile Rodgers med sologitar av bluesgitaristen Stevie Ray Vaughan. Nyinnspelinga er meir aggresiv. Trass i at nyinnspelinga er den mest kjende versjonen på grunn av suksessen til albumet, er det mange kommentatorar som har meint at denne er langt dårlegare enn originalinnspelinga. Nyinnspelinga vart ommastra i 2018 som ein del av plateboksen Loving the Alien (1983–1988).
Etter Bowie gav ut Scary Monsters (and Super Creeps) i 1980, fokuserte Bowie på andre prosjekt utafor musikken. Han fekk hovudrolla som Joseph «John» Merrick i Broadway-skodespelet The Elephant Man, som gjekk frå 29. juli 1980 til 3. januar 1981. Bowie fekk mykje skryt for rolla.[2][3] Då John Lennon vart myrda i desember 1980 gjekk det hardt inn på Bowie. Han ønskte ikkje å fornye kontrakten med Elephant Man og avlyste planane om ein turné for Scary Monsters i 1981. Han drog til Sveits og heldt seg tilbaketrekt. Han nekta òg å spele inn ny musikk fordi han var frustrert på selskapet hans RCA Records og kontraktproblem med den tidlegare manageren Tony Defries.[4]
I 1980 kontakta regissøren Paul Schrader Bowie og spurte han om eit samarbeid på temasongen til filme Cat People, ein ny versjon av skrekkfilmen til Jacques Tourneur frå 1942.[5] Biografen Chris O'Leary skildrar den originale filmen som «ei subtil utforsking av seksuell undertrykking og framandfrykt», medan han kallar nyinnspelinga «blodig versjon som var på moten på denne tida».[4] Sidan den italienske produsenten Giorgio Moroder alt hadde spelt inn det meste av musikken, vart Bowie spurt om å skrive tekst til hovudtemaet.[5] Bowie møtte Moroder i juli 1981 i Mountain Studios i Montreaux i Sveits for å spele inn «Cat People».[5] Under den same innspelinga møtte Bowie det engelske rockebandet Queen, som spelte inn albumet sitt Hot Space.[6] Etter å ha spelt inn korvokal for songen deira «Cool Cat»,[7] førte det til eit samarbeid på «Under Pressure».[5]
Sjølve songen opprettheld den mørke tonen i filmen, og har noko påverknad av goth rock som Bowie syng i ein djup baryton, medan eit kvinneleg kor syng bak han, ein kombinasjon The Sisters of Mercy skulle nytte mykje år seinare. Bowie hoppar ein oktav på ordet «gasoline» og det har sidan blitt kalla «ein strålande augneblink»[8] og «blant dei mest spanande augneblikka han nokon gong festa til lydband».[5] Musikken til Moroder er bygd kring to akkordar,[9] inkludert c moll.[8] Teksten til Bowie reflekterer pretensjonane til filmen og henta inspirasjon frå dei tidlegare songane hans «Sound and Vision» og «It's No Game», som linja «those who feel me near / pull the blinds and change their minds».[5] Bowie sa om filmen: «Det fungerer på ein draumetilstand, det kjennest som den typen ting du går gjennom om natta. Det er slik eg ser på han lyrisk.»[8]
«Cat People (Putting Out Fire)» kom ut på singel i april 1982.[6] På grunn av kontrakten til Moroder vart singelen vart gjeven ut av MCA Records. B-sida var «Paul's Theme (Jogging Chase)», ein komposisjon av Moroder frå musikken til Cat People.[5]
Singelen kom ut i ulike redigerte utgåver. Den fulle versjonen av songen på 6:45 kom med på filmmusikkalbumet, og på 12"-versjonen av singelen, medan ein 4:08 lang versjon vart gjeven ut som singel på 7". I Australia vart det gjeve ut ein 9:20 lang versjon med ekstra saksofon og synthesiser, på ein 12"-singel. Andre versjonar var ein 3:18 lang versjon for ein amerikansk og tysk promosingel, og ein 3:08 lang versjon for ein nederlandsk promo. Ein miks som er 4:55 lang finst i sjølve filmen Cat People, med ekstra panterbrøl..[5]
Singelen selde godt då han kom ut. 7"-singelen nådde 26. plassen på UK Singles Chart, og låg på lista i seks veker,[10] og han nådde 13. plassen i Canada.[11] I USA gjekk 7"-singelen inn på tre ulike Billboard-lister. Han nådde 67. plassen på Pop Singles-lista, der han låg inne i ti veker, niandeplassen på Mainstream Rock-lista, der han låg inne i 20 veker, og ein 14. plass på Club Play Singles-lista, der han var inne i 16 veker.[12] I andre land gjekk songen til topps i New Zealand, der han låg i tre veker,[13] og det same gjorde han i Sverige i fire veker,[14] og i Noreg i sju veker på toppen på rad, før han seinare låg enno ei veke på toppen.[15] Singelen nådde òg toppen av lista i Finland.[16]
Ein RCA-sjef trudde at samarbeidet kunne føre til eit meir «lyttarvenleg» album som Young Americans (1975). Sjefen sa til ein kollega: «Om det er ikkje fåror vanskeleg, ville det vore fint om DB gjekk inn i studio og spelte inn eit verkeleg album.»[17] Han gjorde ikkje det. I staden spelte han i Alan Clarke-skodespelet Baal og hadde roller i fleire filmar, som The Hunger og Merry Christmas, Mr. Lawrence, begge i 1983.[18][19]
I lag med det tilhøyrande filmmusikkalbumet i 1982 har «Cat People (Putting Out Fire)» komen ut på mange ulike samlealbum. Den fulle 12"-singelversjonen kom ut på den amerikanske Bowie: The Singles 1969–1993 i 1993,[5] på Sound + Vision-samlinga frå 2003 og på Re:Call 3, ein del av plateboksen A New Career in a New Town (1977–1982) i 2017.[20][21] Den kortare 7"-utgåva kmo ut på ikkje britiske versjonar av Best of Bowie (2002) og The Platinum Collection (2005).[5]
«Cat People (Putting Out Fire)» skriven av Bowie og Moroder. «Paul's Theme (Jogging Chase)» skriven av Moroder.[22][23][24]
UK 7"-singel
UK 12"-singel
Australsk 12"-singel
Cat People (Putting Out Fire) Song av David BowieGiorgio Moroder frå albumet Let's Dance | ||
Utgjeve | 14. april 1983 | |
Innspelt | Desember 1982 | |
Sjanger | ||
Lengd | 5:09 | |
Selskap | EMI America | |
Komponist | Giorgio Moroder | |
Tekstforfattar | David Bowie | |
Produsent |
|
Etter at Bowie forlet RCA Records og signerte ein ny avtale med EMI America Records seint i 1982,[25] ønskte Bowie å byrje på nytt med ein ny produsent. Han ønskte ein kommersiell stil og valde ut Nile Rodgers frå bandet Chic, eit av dei bestseljande banda seint i 1970-åra.[26] Etter å ha spelt inn demoar i Montreux i Sveits,[27] for Let's Dance byrja innspelinga i Power Station i New York City dei første tre vekene av desember 1982.[25]
Bowie var ikkje nøgd med akkompagnementet til Moroder på «Cat People», og sa til Rodgers at han ønskte å gjere han om att. Rodgers sa i 1984: «Måten 'Cat People' kom ut på filmusikken plaga han verkeleg. Han likte det ikkje i det heile. Han spelte med den originale demoutgåva hans og eg sa 'Wow, er det slik 'Cat People' går?'»[8] For nyinnspelinga gjorde Rodgers det i halvtakt «men heldt det same tempoet, slik at Bowie kunne syngje vokalen på same måten.»[8] Bowie hevda i 1983: «Eg tok instrumenta bort. Dei svingar ikkje ein tryllestav over teksten. Dei får akkordane rett, og det var omtrent berre det eg ønskte å gjere.»[8]
Nyinnspeling er av Pegg og O'Leary skildra som meir «aggressiv». Synthesiseren på originalen er erstatta av andre klaverinstrument, versa er «halverte» og korvokalen er køyrde gjennom ein Eventide Harmonizer med tonen heva til ein ters.[5][8] Som på resten av albumet,[28] spelte den då ukjende bluesgitaristen Stevie Ray Vaughan sologitar på songen. Sjølv om O'Leary likte soloen hans betre enn på originalen kalla Pegg han «alarmerande middelmåtig».[5][8] O'Leary meinte vidare at vokalen til Bowie var langt svakare enn på originalen, og kalla framføringa hans «hes» og «overilt»: «han tar til og med vekk krafta i 'gasoline!'-augneblinken, som om stor dramatikk no var under hans verde.»[8]
Nyinnspelinga av «Cat People (Putting Out Fire)» kom ut 14. april 1983 som det sjuande og nest siste sporet på studioalbumet Let's Dance, plassert mellom ein coverversjon av «Criminal World» og «Shake It».[29] Nyinnspelinga vart òg gjeven ut som B-sida til tittelsporet den 14. mars.[30] Han vart sidan spelt gjennom heile Serious Moonlight-turneen.[5]
Nyinnspelinga vart ommastra, i lag med resten av albumet, i 2018 som ein del av plateboksen Loving the Alien (1983–1988) og gjeve ut separat året etter.[31] Eit konsertopptak spelt inn 12. september 1983 kan høyrast på konsertalbumet Serious Moonlight (Live '83), som kom ut på Loving the Alien (1983–1988)[31] og i 2019 gjeven ut separat. Konserten vart filma og finst òg på konsertvideoen Serious Moonlight og DVD-utgåve av Best of Bowie.[32]
Den originale versjonen av «Cat People» har blitt hylla som ei av dei beste innspelingane til Bowie i 1980-åra.[5] I ei melding av den originale ommastra utgåva som ein del av A New Career in a New Town (1977–1982) kalla Chris Gerard i PopMatters songen «grublande» og ein av dei «mest potente singlane av Bowie frå den tida».[20] Nyinnspelinga er derimot blitt kritisert av biografane til Bowie og andre kritikarar som ei langt dårlegare utgåve enn originalinnspelinga.[8] I ei melding for Let's Dance då denne kom ut var Carol Cooper i Record kritisk til nyinnspelinga og skreiv «Chic-dynamikk over eit definitivt Bowie/Moroder-stykke er heilt unødvendig.»[33] Pegg kalla nyinnspelinga «desidert våt» og at på grunn av den massive suksessen til Let's Dance, er nyinnspelinga meir kjend enn originalen.[5] Trynka skriv at nyinnspelinga «vanhelgar minnet om ein Bowie-klassikar».[34] Sjølv om Dave Thompson i AllMusic kalla originalen ein «djupt atmosfærisk og særs effektiv temasong]», avskreiv han nyinnspelinga som «utan klør og kastrert», og at «fans av originalen bør styre så langt unna nyinnspelinga som dei kan».[35]
«Cat People (Putting Out Fire)» har blitt spelt inn av mange andre artistar, som Klaus Waldeck i 2003 (på singelen for albumet sitt The Night Garden Reflowered), Glenn Danzig i 2007 (på The Lost Tracks of Danzig) og Sharleen Spiteri i 2010 (på albumet hennar The Movie Songbook).[5] Ein versjon med Marilyn Manson vart spelt inn av Shooter Jennings i 2016 for hyllestalbumet Countach (For Giorgio). Coverversjonen vart marknadsført av ein 16-bit musikkvideo med Manson.[36]
Songen har òg dukka opp i andre filmar som Firestorm (1998),[5] Atomic Blonde (2017),[37] og Inglourious Basterds (2009).[1] Songen vart nytta i ein sentral scene for ein av hovudrollene i filmen. Ved å bruke «Cat People» for filmen sa regissøren Quentin Tarantino: «Du er faktisk sjokkert over kor bra teksten på 'Cat People' fungerer for soga hennar.»[38] Trynka skriv at etter nyinnspelinga på Let's Dance vart originalinnspelinga «gravd opp» då han vart nytta i Tarantino-filmen.[34] Same året var songen i episoden «Cafe Disco» den amerikanske TV-serien The Office.[5]
I følgje biografen Chris O'Leary:[30]
Originalversjonen
|
Let's Dance-versjonen
|
Liste (1982) | Plassering |
---|---|
Australia (Kent Music Report)[39] | 15 |
Canadian Singles (RPM)[11] | 13 |
Finland (Suomen virallinen lista)[16] | 1 |
Irish Singles Chart | 17 |
New Zealand Singles Chart[13] | 1 |
Den norske VG-lista[15] | 1 |
Den svenske singellista[14] | 1 |
Den sveitsiske singellista[40] | 8 |
UK Singles Chart[10] | 26 |
US Billboard Pop Singles[12] | 67 |
US Billboard Club Play Singles[12] | 14 |
US Billboard Mainstream Rock[12] | 9 |
Føregangar «Ein bißchen Frieden» Nicole |
Toppen av VG-lista David Bowie 7 veker, veke 26–32, 1982 |
Etterfylgjar «Eye of the Tiger» Survivor |
Føregangar «Eye of the Tiger» Survivor |
Toppen av VG-lista David Bowie 1 veke, veke 34–1982 |
Etterfylgjar «Eye of the Tiger» Survivor |