Cauldron Snout | |||
foss | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Grevskap | County Durham, Cumbria | ||
Del av | Tees | ||
Totalt fall | 60 m | ||
Cauldron Snout 54°39′14″N 2°17′23″W / 54.65395°N 2.2898°W | |||
Wikimedia Commons: Cauldron Snout |
Cauldron Snout er ein foss i dei øvre delane av Tees i Nord-England, like nedanfor dammen i Cow Green-reservoaret. Fossen ligg på grensa mellom County Durham og Cumbria i England. Fossen ligg innanfor North Pennines Area of Outstanding Natural Beauty (AONB) og European Geopark.
Fossen har eit samla fall på 60 meter og er ein av dei største i Storbritannia. Han tiltrekkjer seg derfor mange turistar, trass i ein tur på 3 km frå næraste parkeringsplass.