Changes Singel av David Bowie frå albumet Hunky Dory | ||
B-side | ||
---|---|---|
Utgjeve | 7. januar 1972 | |
Innspelt | Trident Studios i London sommaren 1971 | |
Sjanger | Kunstpop, glamrock | |
Lengd | 3:33 | |
Selskap | RCA Records 2160 | |
Komponist | David Bowie | |
Tekstforfattar | David Bowie | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
Produsent | Ken Scott, David Bowie | |
David Bowie-kronologi | ||
«Hang On to Yourself» (1971) |
Changes | «Starman» (1972)
|
«Changes» er ein song av David Bowie, opphavleg gjeven ut på albumet Hunky Dory i desember 1971 og som singel i januar 1972. Trass i at han ikkje nådde Topp 40, vart «Changes» ein av dei mest kjende songane til Bowie. Teksten vert ofte rekna som eit manifest for den kamelonaktige personlegdomen hans, den seksuelle fleirtydinga hans og dei mange forskjellige musikalske retningane han følgde gjennom 1970-åra.[1] Singelen vert ofte rekna som den offisielle debuten til Bowie i Nord-Amerika, trass i at songen «The Man Who Sold the World» vart gjeven ut i Nord-Amerika to år tidlegare.[2] Dette var den siste songen Bowie framførte live på scenen før han trekte seg attende frå live-framføringa mot slutten av 2006.[3]
Singelen gjekk inn på UK Singles Chart for første gongen den 15. januar 2016 på ein 49. plass, veka etter at Bowie døydde.
Strange fascination, fascinating me
Ah changes are taking the pace I'm going through
Bowie har sagt om songen at «han starta som ein parodi på ein nattklubbsong, ein slags bruk-og-kast».[4][5] Det musikalske arrangementet følgde saksofonen til Bowie, pianoet til Rick Wakeman og strykarane til Mick Ronson, medan det stammande refrenget er samanlikna med The Who.[6][7]
Teksten fokuserte på den store trongen ein kunstnar har til å fornye seg («Strange fascination, fascinating me / Changes are taking the pace I'm going through») og å distansere seg frå hovudstraumen i rocken («Look out, you rock 'n' rollers»).[1] Songen er òg tolka som å annonsere« moderne ungdom som ein ny rase»,[6] eit tema som går att på albumsporet «Oh! You Pretty Things». Platemeldinga i Rolling Stone då Hunky Dory kom ut meinte at «Changes» kunne «oppfattast som ein ung mann sitt forsøk på å tenkje ut korleis han vil reagere når det er hans tur til å vere på den vonde sida av generasjonsskiljet».[8]
Bowie gjekk med på å la Peter Noone få spele ein versjon av «Oh! You Pretty Things», som mange seinare meinte var det opplagde singelvalet frå Hunky Dory,[6] «Changes» vart vald ut som singel i januar 1972. Som albumet fekk det god kritikk, men gjekk akkurat ikkje inn på listene i USA og Storbritannia.[6]
Songen vart spelt fast på konsertane til Bowie som Ziggy Stardust i 1972–73, og igjen på Diamond Dogs-turneen i 1974 og Station to Station-turneen i 1976. I følgje Bowie, «vart han eit monster som alle ropte etter på konsertane: 'Dye-vid, Dye-vid – do Changes!' Eg hadde inga aning om at han skulle verte så populær.»[5] I 2004 vart songen rangert på 127. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.
Liste (1972) | Plassering |
---|---|
US Billboard Hot 100 | 66 |
US Cash Box Top 100 | 59 |
Liste (1975) | Plassering |
US Billboard Hot 100 | 41 |
US Cash Box Top 100 | 38 |
Liste (2016) | Peak position |
Frankrike (SNEP)[9] | 84 |
US Billboard Rock Songs | 10 |
UK Singles Chart | 49 |
Dei fleste hit-samlingane til Bowie har med «Changes», trass i at han ikkje nådde listene. Samleplatene Changesonebowie (1976), Changestwobowie (1981) og Changesbowie (1990) har alle henta titlane sine frå denne songen.
129: «Rock & Roll Music» Chuck Berry |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 128 «Changes» David Bowie |
127: «Shake, Rattle & Roll» Big Joe Turner |