Chester Kamen | |||
Fødd | 20. hundreåret | ||
---|---|---|---|
Fødestad | London | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Instrument | gitar | ||
Verka som | gitarist, musikkprodusent, komponist, musikar |
Chester Kamen (fødd 1. januar 1953) er ein engelsk studiogitarist som har spelt med artistar som Paul McCartney, Bryan Ferry, Bob Geldof, Madonna, Duran Duran, Robbie Williams, Roger Waters, David Gilmour, Seal, Massive Attack, Kirsty MacColl, Belouis Some og Gabrielle.[1][2][3]
I 1985 stod Kamen på scenen på Live Aid i lag med Pink Floyd-gitaristen David Gilmour som ein del av bandet til Bryan Ferry, etter å ha først spelt med Ferry på albumet hans Boys and Girls i 1985. Han fortsette å arbeide med Ferry inn i 1990-åra, inkludert turenane hans i denne perioden. Kamen var òg med å skrive og produsere somme av songane på albumet Bête Noire, inkludert «Seven Deadly Sins» i lag med Guy Pratt.[4]
I 2002, då Roger Waters held fram In The Flesh-turneen sin, vart Kamen henta ombord for å erstatte Doyle Bramhall II. Kamen fortsette å spele med Waters, då han sidan erstatta Andy Fairweather-Low på gitar og korvokal. Kamen spelte òg i lag med Waters og David Gilmour då dei spelte eit kort sett i lag for Hoping Foundation i Oxfordshire i England den 11. juli 2010. I 2016 turnerte Kamen med bandet til David Gilmour.
I mai 2021 gav Kamen ut songen «Stories», framført med bandet hans The Twins.[5]
År | Tittel | Artist |
---|---|---|
1985 | Boys and Girls | Bryan Ferry |
1985 | Some People | Belouis Some |
1987 | Bête Noire | Bryan Ferry |
1988 | Big Thing | Duran Duran |
1989 | Like a Prayer | Madonna |
1990 | Wild and Lonely | The Associates |
1991 | Seal | Seal |
1993 | Symphony or Damn | Terence Trent D'Arby |
1994 | Mamouna | Bryan Ferry |
1994 | Protection | Massive Attack |