Chikomuselsk (chikomuselteko, chicomucelteco) er eit utdøydd mayaspråk som vart snakka i kommunane Chicomuselo, Mazapa dei Madero og Amatenango de la Frontera i den meksikanske delstaten Chiapas og i einskilde område i det guatemalanske departementet Huehuetenango. Det døydde ut på 1970- eller 1980-talet. Alle etterkommarane av brukarane av språket, i alt rundt 1 600 personar, har spansk som morsmål.